Yoga
Opprinnelig pris var: 399 kr.299 krNåværende pris er: 299 kr.
Utsolgt
«Gnistrande om galskap og yoga»
— Adresseavisen
«Til og med Michel Houellebecq har innrømt […] at Carrère kanskje kan vere ein god nummer to blant Frankrikes to største nolevande forfattarar.»
— John Maier, The Times
Dette er ei bok om yoga, eller, slik var ho i alle fall tenkt.
I 40 år har Emmanuel Carrère vore blant Frankrikes mest kritikarroste forfattarar. Med romanen Riket vart han ein internasjonal bestseljar. Livet smilte, og han bestemte seg for å følgje opp med ei bok om ei av hans store lidenskapar: Yoga.
Utgangspunktet for boka byrjar på eit yogaseminar. Nokre dagar ut i seminaret blei Paris ramma av katastrofe. Terrorhandlingane mot Charlie Hebdo kosta 12 personar livet — mellom ann ein av Carrères næraste vener og nokre av hans største idol.
Terrorangrepet vert ein katalysator i forfattarens liv, og boka følgjer med. Yoga fortel historia om eit totalt samanbrot, der ekteskapet raknar og Carrère vert lagt inn på psykiatrisk institusjon. Det som var tenkt som ei lita bok om yoga, vert i staden Carrère sitt oppgjer med seg sjølv.
Det er ei bok om ein manns kamp for å bli eit betre menneske. Samtidig ho kastar oss ut mot medvitets yttergrenser der tvilen rår i beste velgåande. Boka er marinert i tvil, og skildrer framfor alt eit liv i krise.
«Virtuost, rørande – og upåliteleg»
— Jan Grue, Aftenposten
«Gnistrande om galskap og yoga»
— Adresseavisen
Mer info
| Forfatter | Emmanuel Carrère |
|---|---|
| Oversetter | Tove Bakke |
| Innbinding | Innbundet |
| Sider | 285 |
| Språk | Nynorsk |
| ISBN | 9788283831238 |
Om forfatteren
Emmanuel Carrère
Emmanuel Carrère (f. 1957) er ein fransk forfattar, manusforfattar og filmregissør som i dag er rekna som ei av Frankrikes sterkaste litterære stemmer. I Noreg er han kjent for bøkene Klasseturen (Pax 2003) og Limonov (Oktober 2014), men også som manusforfattaren bak TV-serien Les Revenants (Gjengangerne, på norsk tv våren 2015). Pelikanen har omsette to av hans bøker til norsk — Riket (2020) og Yoga (2022)


