Rapportar frå randsonene

Margunn Vikingstad
305 kr
expand_less
expand_more

credit_score Betal med Vipps eller Klarna

«Når Margunn Vikingstad, kritiker-veteran og en sentral stemme i Morgenbladets litteraturstab, utgir boka «Rapportar frå randsonene», er jeg altså nysgjerrig. Endelig! Mer!»
— Even Teistung, Klassekampen

Les mer

«Når Margunn Vikingstad, kritiker-veteran og en sentral stemme i Morgenbladets litteraturstab, utgir boka «Rapportar frå randsonene», er jeg altså nysgjerrig. Endelig! Mer!»
— Even Teistung, Klassekampen

Les mer

Mer om boka

Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone.

Forteljing skjer alltid på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, skriv den franske forfattaren Marguerite Duras, ei innsikt som ho spinn vidare på; at det stadbundne ikkje berre gjeld det å skape, å skrive, men òg korleis ein skal leve, at òg der handlar det om at det skjer ut frå ein stad.

I essayet «Tvetydighetens etikk» skriv den franske fiosofen og forfattaren Simone de Beauvoir om korleis vi forvaltar fridommen vår og peiker på at det vi gjer som frie individ, vala våre, påverkar andre - og det må vi ta ansvar for. Som ho skriv: «Våre friheter støtter hverandre lik steinene i en hvelving, men det er en hvelving som ikke holdes oppe av noen søyler.»

I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske - og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre.

Kva kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?

Harde fakta
Forfatter

Margunn Vikingstad

Innbinding

Heftet

Utgivelsesår

2021

Sider

118

Språk

Nynorsk

ISBN

9788283831054

Om forfatteren

Margunn Vikingstad

Margunn Vikingstad (f. 1971) er litteraturkritikar og omsetjar, født på Karmøy og no busett i Bergen. Ho er ein av dei sentrale kritikarane i avisa Morgenbladet og ei betydeleg stemme i det offentlege ordskiftet om litteratur. Rapportar frå randsonene er hennar første bok. 

Kundevurderinger

0 vurderinger

Vurderinger

Det er ingen vurderinger enda.

Bli den første til å vurdere “Rapportar frå randsonene”

Handlekurv
Handlekurven din er tom
Se våre bøker
0