Svar på brev frå Helga - ISBN 9788283830460 - Pelikanen

Bergsveinn Birgisson

Svar på brev frå Helga

Svar pa brev fra helga 2

Pris: 169,-

  • info
  • ISBN 9788283830460
  • InnbindingHeftet med klaffer
  • SalgsstatusI salg
  • Utg.år2019
  • OversetterJohannes Gjerdåker
  • Sideantall110
    • KategorierRoman | Pocket
    • Vekt0.11
    • Bokgruppe50
    expand_more

Ein tilårskomen sauebonde svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytta med henne til byen ein gong i tida. Det har teke lang tid å svara, og det er mange val som må svarast for. Han flettar slarv frå bygdelivet inn i saftige forteljingar om det han kallar paringstida i livet sitt. Gamal kjærleik og erotiske minne blandar seg med soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.


Svar på brev frå Helga er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Om den tapte kjærleiken, men også om ein tapt kultur, slik me ser han gjennom auga til sauebonden Bjarne. Denne kritikarroste boka har teke Island med storm, og er no under omsetjing til fleire språk. Han vann den Islandske bokhandlarprisen i 2010 og var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka vart dramatisert for scena i 2012 og eit filmmanus er under arbeid.


Bergsveinn Birgisson (f: 1971) Svar på brev frå Helga er den tredje romanen til Bergsveinn Birgisson. I 2009 gav han ut Handbok om mentaliteten til kyr, og i 2003 vart han nominert til den islandske litteraturprisen for Landskap er aldri toskete. Den hittil siste av tre diktsamlingar, Drauganet, kom ut i 2011. Birgisson er Dr. art. i norrøn filologi og har budd i Noreg sidan midten av 90-talet. Han bur for tida i Bergen. Han er elles glad for å ha blitt kjent med den kulturinstitusjonen som ein sauegard er.



"Nok en fabelaktig islandsk roman. Denne vakre lille hymnen til kjærligheten handler om en sauebonde som aldri fikk den han elsket. Boka formelig sitrer av begjær."

— Dagbladet, Årets beste bøker


"Kvart oppslag av boka er eit par opne handflater. Papiret hud som sitrar etter kontakt med naturen sjølv."

— Mette Karlsvik, Morgenbladet


"Utsøkt brevkunst!"

— Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten


"Ekte sauebonderomantikk... Umiddelbar roman full av følelser og tanker om menneskelivet."

— VG, Kristine Isaksen


"Her får man koblinger til Knut Hamsun og hans antimodernisme, og grunnen til at sauebonden ofret sin store kjærlighet var nettopp frykten for storbyen... Boken er en hyllest til måten vi levde på før. Til avsideliggende steder. Til gårder som forsvinner når mennesker dør."

— Fædrelandsvennen


"Jeg hadde høye forventinger til boka på forhånd, og jeg ble ikke skuffet! Svar på brev frå Helga er rett og slett et vakkert lite mesterverk!"

— Rose-Maries litteratur- og filmblogg

Bergsveinn Birgisson
Les mer om forfatteren