På jorda er vi glimtvis vakre - ISBN 9788283830569 - Pelikanen

Ocean Vuong

På jorda er vi glimtvis vakre

Pa jorda er vi glimtvis vakre

Pris: 369,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788283830569
  • InnbindingInnbundet
  • SalgsstatusMidlertidig utsolgt
  • Utg.år2019
  • OversetterRune F. Hjemås
    • KategorierRoman
    • Vekt0.398
    • Bokgruppe42
    expand_more

På jorda er vi glimtvis vakre er ein son sitt brev til ei mor som ikkje kan lese, skrive da sonen, Veslehunden, er i slutten av tjueåra. Brevet avdekker ei familiesoge som startar før han blei fødd – ei soge som har sitt utspring i Vietnam, og strekker seg til Hartford, Connecticut – og blir ein inngang til delar av livet hans som mora aldri har kjent til.

 

Samtidig som denne romanen utforskar den skjøre men utvilsamt sterke kjærleiken mellom mor og son, er På jorda er vi glimtvis vakre også ei brutalt ærleg gransking av rase, klasse og maskulinitet som går rett inn i sentrale problemområde i den amerikanske røynda i dag. 

 

Om han skriv om avhengigheit, vold, eller trauma, er Vuong sitt blikk ømt og rikt på medkjensle, og han penslar ut ei forteljing som like mykje handlar om krafta i å få fortald si eiga historie, som den øydeleggande stilla i ikkje å bli høyrd. Boka er eit opprivande familieportrett, ei kjærleikshistorie og eit vitnesbyrd om historieforteljingas heilande kraft. 

format_quote

Storarta roman... Dette er prosapoetisk, utfordrande dikting på høgt nivå.

— Stavanger Aftenblad, Steinar Sivertsen



Romanen er ein ekpslosjon av godt språk og presise observasjonar.

— BOK365, Vidar Kvalshaug


På jorda er vi glimtvis vakre er en fryktelig roman, nådeløs i sin beskrivelse av smerte, krigsminner, sorg og følelsenes uomgjengelige konsekvens. Samtidig er boka varm og forunderlig vakker, velskrevet inntil det perfekte. En av de sterkere leseopplevelsene på lenge.

— NRK, Leif Ekle


En av årets beste bøker. Det er med god grunn at Ocean Vuong har blitt en litterær sensasjon.

— Vårt Land, Ulla Svalheim


format_quote