Forbodne stemmer/ Forbidden Voices

Norsk utgave: Forbodne stemmer: 9788283830651, 399,-
Engelsk utgave: Forbidden Voices: 9788283830668, 399,-

Ord kan vere farlege. Ord kan vere dødelege. Så kvifor tør enkelte menneske snakka når dei dermed risikerer livet? Journalistane Jan Zahl og Finn Våga har oppsøkt seks kunstnarar som med hjelp av fribynettverket ICORN (International Cities of Refuge Network) har funne ei frihamn for deira eksil, og besøkt heimlandet deira for å finna svar på dette spørsmålet. 
Dei to Stavanger Aftenblad-journalistane tek såleis ein rundtur langs frontlinjene for ytringsfridomen, og undersøker forholda desse kunstnarane har levd under på Cuba, i Bangladesh, Tyrkia, Iran, Palestina og Sri Lanka.
I tillegg er dette ei bok om eksilopplevinga og seks lagnader slik dei levast ut i fribyane Rekjavik, Frankfurt, Gøteborg, Paris, Bergen og Ithaca.

”Mange forfattarar og kunstnarar må i dag forlate heimlandet sitt for å leva i eksil. Eg har lyst til å seie til desse at – ja det er hardt, men ikkje mist motet. Me kan ikkje mista motet, men må fortsette å arbeide i det stille. Orda er ikkje fåfengde. Litteraturen bærer på ei enorm kraft. Me må tro på den krafta. De må alle tro på ho.”

Svetlana Aleksijevitsj, Nobelprisvinnar i litteratur 2015,
og fribyforfattar i Gøteborg 2006-2008

Forbodne stemmer
Forbodne stemmer