Soga om vêret

Bergsveinn Birgisson
199 kr
expand_less
expand_more

credit_score Betal med Vipps eller Klarna

«Boken om de siste sjarkfiskerne på Island både bobler av overskudd og drar litteraturen ned på jorden.»
— Dagens næringsliv

«Tenk å få være profetisk om åndsforlatt turbokapitalisme, fem år før Island går dundrende konkurs.»
— Bergens Tidende

Les mer

«Boken om de siste sjarkfiskerne på Island både bobler av overskudd og drar litteraturen ned på jorden.»
— Dagens næringsliv

«Tenk å få være profetisk om åndsforlatt turbokapitalisme, fem år før Island går dundrende konkurs.»
— Bergens Tidende

Les mer

Mer om boka

Forteljinga føregår i ein gudløyse fjord ytst nord-vest på Island, der nokre få forslitne sjeler driv sjarkfiske utan fiskekvoter. Ein av desse fiskarane, Halldor, skriv dagbok. Det er denne dagboka som blir funnen av sorenskrivaren i det vesle samfunnet og sendt til eit forlag, i det som dermed utgjer ei rammeforteljing med noko diffuse grenser.

Det viser seg at ikkje berre dagbokskrivaren, men også presten og fleire av fiskarane er alle på ulike måtar på flukt frå fortida. Vi får innsikt i deira liv og traumar via burleske, men aldri sympatilause, skildringar.

Romanen rommar ei kjærleikshistorie og psykiske lidingar av ulike slag. Grunnlaget er likevel lyrisk i tonen og med ein form for naivistiske filosoferingar, som viser seg ikkje å vere så enkle som ein kunne tru ved første augekast, slik dei er formidla av ei noko naiv forteljarstemme.

Det er Halldors livshistorie som ber fram forteljinga, og som avdekkes etter kvart, gjennom hans møte med Gud, ein prest, ein krøpling, torsken og kjærleiken.

Soga om vêret blei nominert til den islandske Litteraturprisen då ho kom ut i 2003.

Harde fakta
Forfatter

Bergsveinn Birgisson

Oversetter

Margunn Rauset

Innbinding

Heftet

Sider

228

Språk

Nynorsk

ISBN

9788293237600

Om forfatteren

Bergsveinn Birgisson

Den bergensbaserte islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) har gitt ut tre romanar på Pelikanen. Soga om vêret (Pelikanen 2014) var Birgissons debut som romanforfattar og vart nominert til Den islandske litteraturprisen i 2003. For Svar på brev frå Helga (Pelikanen 2012) vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2016 kom Soga om Geirmund Heljarskinn, ei litterær omarbeiding av historia frå sakprosaboka Den svarte vikingen (2013) som han vart nominert til Brageprisen for. Birgisson har ein doktorgrad i norrøn filologi og bur for tida i Bergen.

Kundevurderinger

0 vurderinger

Vurderinger

Det er ingen vurderinger enda.

Bli den første til å vurdere “Soga om vêret”

Handlekurv
Handlekurven din er tom
Se våre bøker
0